Folketrygda har diverse ordningar for norske statsborgarar som studerer i utlandet. Det er ulike ordningar alt etter kva land du skal studere i, og kor lenge du skal studere.
Skal du studere i utlandet, vil du automatisk behalde medlemskapet av folketrygda dersom du er
- norsk statsborgar eller statsborgar i eit EØS-land
og
- får lån og stipend frå Lånekassen
Det er
.
Dersom du ikkje får støtte frå Lånekassen, må du sjølv melde frå til Nav Internasjonalt for å få avklart medlemskapen i folketrygda.
Ikkje norsk statsborgar eller EØS-borgar
Dersom du er statsborgar frå eit land utanfor EU/EØS-området og skal studere i utlandet, må du også melde frå til Nav Internasjonalt for å få avklart medlemskapen i folketrygda.
Ver merksam på at det gjeld ulike reglar for land i Norden, Storbritannia og land innanfor og utanfor EØS/Sveits. Du finn meir informasjon om dette på nettsidene til NAV Internasjonalt.
Spørsmål om trygdebevis
Har du spørsmål om sjølve trygdebeviset, må du frå og med 01.06.10 kontakte HELFO.
Spørsmål om medlemskap i folketrygda
Har du spørsmål om medlemskap i folketrygda, må du framleis kontakte NAV Internasjonalt.