Utbetaling av støtte til utdanning i utlandet skjer to gonger per undervisningsår, ein gong i byrjinga av kvart semester.
Vi sender gjeldsbrevet/stipendmeldinga til den norske adressa di dersom du ikkje signerer på nettet.
Lånekassen sender gjeldsbrevet til den sist registrerte adressa di. Du skriv under og returnerer det til oss. Er du under 18 år, må også foreldra dine skrive under på gjeldsbrevet/ stipendmeldinga. Når vi får det i retur, set vi pengane inn på kontoen din. Vi tek til med å sende ut gjeldsbreva for våren i byrjinga av desember. På Dine sider finn du informasjon om kva for adresse vi har registrert på deg.
Kontonummer for utbetaling
Vi kan berre setje inn pengar på ein konto du eig. På den måten kontrollerer vi at det er rett person som får pengane. Gjeldsbrevet/stipendmeldinga vil innehalde eitt eller fleire kontonummer som skatteetaten har oppgitt at du eig. Du kan endre kva konto du vil ha pengane overført til på Dine sider eller på gjeldsbrevet/stipendmeldinga.
Dersom du ikkje får valt kontonummer på Dine sider, må du sende inn ei stadfesting frå banken på ein konto du eig, før pengane kan bli overførte. Du bruker skjemaet "Skjema for opplysninger om kontonummer" (skjema K) som du finn på samlesida for skjema.
Ikkje send inn gjeldsbrev på faks
Hugs på at du sjølv må skrive under på det originale gjeldsbrevet (underskrift etter fullmakt blir ikkje godteke) og sende det i retur til Lånekassen, før pengane kan bli overførte til den norske kontoen din. Gjeldsbrev som blir sende inn på faks, blir ikkje godtekne.