Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Elektronisk signatur

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 27.03.2012
Med elektronisk signatur kan du skrive under på gjeldsbrevet på nett. Det er like trygt som gjeldsbrev på papir og du får pengane dine raskare, spesielt dersom du studerer i utlandet.

Dei fleste studentar i høgare utdanning kan bruke elektronisk signatur. For å nytte elektronisk signatur, treng du ei datamaskin med nettilgang, eit smartkort og ein kortlesar. Du må sjølv bestille smartkortet. Her kan du sjå ei liste over kva for smartkort du kan bruke. Smartkort kostar fra kr 60,-, dersom du bestiller Norsk Tipping sitt kort på nett. 

Smartkortet er eit identitetskort. Oppbevar aldri koden saman med kortet!

Dersom du ikkje signerer det elektroniske gjeldsbrevet innan ei veke, får du automatisk tilsendt eit vanleg papirgjeldsbrev i posten.

Elektronisk signatur og studiar i utlandet

Elektronisk signatur er særleg gunstig for deg som studerer i utlandet. Du treng ikkje vente på at gjeldsbrevet skal snegle seg gjennom det internasjonale postvesenet – du signerer gjeldsbrevet på nett og så set vi pengane inn på kontoen din.

Det er heller ingen fare for at det elektroniske gjeldsbrevet forsvinn i postgangen.

Få smartkortet tilsendt til utlandet

Du kan få tilsendt smartkort og kortlesar til dei aller fleste studieland. Ta eventuelt kontakt med kortutstedar.

Norsk Tipping sender sitt smartkort til desse landa: Australia, Belgia, Canada, Danmark, Storbritania, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Island, Italia, Japan, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxembourg, Nederland, New Zealand, Polen, Portugal, Singapore, Spania, Sveits, Sverige, Tyrkia, Tyskland, USA og Østerrike.

PS: Skal du heim på ferie, kan du få tilsendt kortet til adressa di i Noreg.