Dersom du legg inn e-postadresse eller mobiltelefonnummer på Dine sider her på nettstaden, kan du få informasjon om studielånet.
Lånekassen sender ut ulike meldingar til studentane med informasjon om stipend og lån. Det er gratis å få desse meldingane.
Alle får minst ei melding
Dersom du har gitt oss mobilnummeret eller e-postadressa di, får du informasjon om kvar og når vi sender gjeldsbrevet ditt (vedtak om stipend og lån)
Meldingane inneheld ikkje informasjon om kor mykje du har fått, eller andre personlege opplysningar.
Andre meldingar
Lånekassen sender også ut melding til deg dersom
- søknaden er registrert inn og behandla av ein saksbehandlar
- du har gløymt å skrive under på gjeldsbrevet
- Lånekassen har fått gjeldsbrevet i retur frå posten
- du ikkje har eit godkjent kontonummer (du må stå som eigar av den kontoen du oppgir)
- alt er ok, bortsett frå at vi manglar informasjon om retten din til å gå opp til eksamen det aktuelle semesteret (opptak)
- pengane er overførte