Du kan få støtte til høgare utdanning i alle land. Start å planleggje utdanninga i god tid, gjerne eitt år før studiestart.
Kontakt dei lærestadene du er interessert i, og be om studieplan, søknadsskjema, oversikt over opptakskrav, søknadsfrist og skolepengar.
Godkjente lærestader
Lånekassen har ein database over lærestader og utdanningar som er vurderte for stipend og lån. Det er berre heile gradsutdanningar på universitets- og høgskolenivå som ligg i denne databasen. Finn du ikkje utdanninga di i databasen, kan du be Lånekassen om ei førehandsvurdering for å få vite om utdanninga er godkjend for støtte.
Les her dersom du berre skal ta ein del av den norske utdanninga di ved ein utanlandsk lærestad.
Vilkår for utdanning i utlandet
Nyttig informasjon når du skal søkje om opptak
I somme land er det sentrale opptaksorgan med absolutte søknadsfristar. I andre land varierer fristane frå år til år, og frå lærestad til lærestad. Du finn som regel all relevant informasjon på nettstadene til lærestadene.
Vitnemål frå vidaregåande skole kan du få på engelsk, tysk eller fransk, og i somme tilfelle spansk, frå skolen du gjekk på. Statens utdanningskontor i fylket kan også hjelpe til med omsetjing av vitnemål. Dei fleste norske universitet og høgskolar har standardomsetjingar for vitnemåla sine. Ikkje send originalar, men attesterte kopiar.
Somme land krev at utanlandske studentar tek ei språkprøve før studiet begynner. Dette gjeld mellom anna USA, Canada, Tyskland, Frankrike, Italia og Spania. Test Information ved Universitetet i Oslo kan gi fleire opplysningar om mellom anna TOEFL og andre språkprøver.
Du kan også vende deg til det aktuelle studielandet sitt kulturinstitutt i Noreg eller til kulturavdelinga i ambassaden.