Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Førebels erklæring om retten til støtte

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 27.03.2012
Skal du søkje opptak til høgare utdanning i utlandet? I nokre tilfelle treng du ei førebels erklæring om du har rett til stønad frå Lånekassen. For eksempel i USA og Canada er det nødvendig å ha ei slik fråsegn når du søkjer visum.

Førebels erklæring om retten til støtte er ei generell berekning av kva du kan få i støtte frå Lånekassen til den planlagde utdanninga, og at du vil få støtte dersom alle andre forhold er i orden.  Føresetninga er at  utdanninga er godkjent og at krava som blir stilt for å få støtte til utdanning i utlandet er oppfylt.

Få din førebels erklæring om retten til støtte her

Dette er ikkje ei søknad om studiestøtte, du må hugse å sende ei søknad når du har bestemt deg for lærestad, uavhengig om du har sendt inn førebels erklæring om retten til støtte eller ikkje.
 

Forhold som gjer at du ikkje vil få støtte:

  • Dersom du ikkje fyller dei generelle krava til statsborgarskap, generell studiekompetanse eller butid i Noreg
  • Dersom du er meir enn eit år forseinka i utdanninga di
  • Dersom du har betalingsmerknad eller misleghald av studielånet ditt
  • Dersom du har fylt 65 år før 1. januar 2012. Hvis du blir over 45 år innan utdanninga er fullført, får du redusert lån, slik at gjelda kan bli betalt tilbake før du fyller 65 år

Opptak til lærestader i andre land

Når du søkjer om opptak til lærestader i andre land enn USA og Canada, er det som oftast nok å skrive at du søkjer støtte i Lånekassen. Lærestadene vil ofte godta økonomisk garanti frå ein bank eller frå foreldra dine. Dersom du likevel trenger en slik foreløpig uttalelse kan du få det ved å følge lenken over.

 Her er namnet på Lånekassen på engelsk og fransk:

Engelsk The State Educational Loan Fund, Norway
Fransk La caisse nationale de prêts pour l’éducation, Norvège