Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Godkjenning av utdanning i utlandet

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 27.03.2012

Kva for utdanningar?

Lånekassen kan gi støtte til høgare utdanning i land utanfor Norden som er like, er på nivå med eller kan bli godkjent som ein del av ei norsk bachelor- eller mastergrad. Unntaksvis kan det gjevast støtte til vidaregåande opplæring. Les meir om krav til utdanningane og utdanningsopplegget i forskriftene for tildeling, kapitla 35 og 38.

Utdanning i nordiske land skal vere offentleg godkjent i studielandet og gi rett til utdanningsstøtte i landet si eiga ”Lånekasse”.

Kva gjer at ei utdanning blir godkjent for utdanningsstøtte?

Høgare utdanning frå land utanfor Norden må gi studiepoeng i Noreg. Når reglane i Lånekassen krev at utdanninga skal vere lik eller bli godkjent som ein del av ei norsk grad, må Lånekassen innhente opplysningar om dette frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen).Det er NOKUT som forvaltar dei generelle reglane for godkjenning av utanlandsk utdanning i Noreg.

Helsefagleg utdanning

For å avgjere om ei helsefagleg utdanning kan gi grunnlag for autorisasjon i Noreg, som er eit tilleggsvilkår for at slik utdanning skal kunne gje rett til støtte, kan Lånekassen innhente opplysningar frå Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAFH). Dei har ansvar for autorisasjon og lisens til helsepersonell, og turnustjeneste for legar. Støtte frå Lånekassen til ei helsefaglig utdanning i utlandet er ingen garanti for at du vil få autorisasjon i Noreg når du er ferdig med utdanninga.

Godkjenninga frå Lånekassen betyr ikkje at...

  • den utanlandske utdanninga som helhet er godkjent som tilsvarande ein norsk bachelor- eller mastgrad, eller at
  • studiepoenga i Noreg automatisk vil kunne innpassast i eit utdanningsprogram på bachelor- eller mastnivå ved eit norsk universitet eller høgskule.

Godkjenninga må fornyast

Lånekassen går gjennom oversikta over utanlandske lærestadar og utdanningar kvart år for å sjekke om utdanningane og lærestadane som ligg i oversikta framleis kan gi rett til støtte.

Dersom du finn ei utdanning her etter 1. januar, kan du være sikker på at det kan bli gitt støtte til denne utdanninga i det komande studieåret (haust/vår).