Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Tilretteleggingssemester

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 08.03.2012
Dersom du skal ta ei gradsutdanning i eit land utanfor Norden eller i Finland/på Island, kan du få støtte til tilretteleggingssemester dersom landet ikkje er engelskspråkleg.

Innføring i språk og kultur

Du kan få støtte til kurs i språk og samfunnsfag før du begynner på graden din. Semesteret skal gi deg eit  så godt grunnlag som råd i  språket og kulturen i landet.

Krav

Vi krev til vanleg at du tek kurset ved eit universitet i det landet du planlegg å ta gradsutdanninga. Dersom universitetet ditt ikkje har passande språkkurs, kan Lånekassen gi støtte til språkopplæring ved språkskolar. Vi gir berre støtte til språkskolar som er offentleg godkjende i studielandet. Kurset må ha minst 15 undervisningstimar per veke og vare i minst tre månader. Vidare må du opplyse i søknaden om kva grad du planlegg å ta, og namnet på lærestaden du planlegg å ta graden ved.

Når du søkjer om lån og stipend, må du leggje ved dokumentasjon som viser

  • opptak til kurset
  • start- og sluttdato for kurset
  • kor mange timar undervisning det er per veke
  • kva eksamen du skal avslutte kurset med.

Eksempel på tilretteleggingssemester frå ulike land

Eksempla viser alternativ og krav til tilretteleggingssemesteret, dersom du ikkje finn passande kurs på universitetet.

Tyskland

I Tyskland kan du ta eit tilretteleggingssemester ved Goethe Institute eller andre skolar som er offentleg godkjende. Du må avslutte opplæringa med ein av desse  språktestane: KDS  (Kleines Deutsches Sprachdiplom), ZOP (Zentrale Oberstufenprüfung), GDS (Grosses Deutsches Sprachdiplom), DSH (Deutsche Sprachprüfung für den Hochshulzugang) eller TestDaF (Test Deutsch  als Fremdsprache).

Frankrike

I Frankrike kan du ta eit tilretteleggingssemester ved Alliance française, eller ved eksamenssentera for DELF og DALF som er godkjende av CIEP (Centre international d`etudes pédagogiques). Du må avslutte opplæringa med DELF (Diplôme d`etudes en langue française) eller DALF (Diplôme approfondi de langue française).

Italia

Når du går på ein offentleg godkjend språkskole i Italia, må du avslutte opplæringa med CILS (Certificaziones di Italiano come lingua straniera) eller CELI (Certificato di lingua italiana).

Spania

I Spania må språkskolen vere godkjend av Instituto Cervantes. Du må avslutte opplæringa med DELE (Diplomas de Español como lengua extranjera) eller Selectividad.

Basisstøtte og reisestøtte

Du får vanleg basisstøtte, som blir utbetalt som lån, og tillegg for reiser. Du får ikkje noko ekstra til skolepengar.

Gradsutdanninga

Når du begynner på gradsutdanninga etter tilretteleggingssemesteret, blir ein del av lånet gjort om til utdanningsstipend. Hugs at du må sende inn kopi av kursprov/vitnemål så snart du mottek dette etter fullført kurs.

Dersom du ombestemmer deg etter tilretteleggingssemesteret og ikkje begynner på ein grad i det same landet som du tok tilretteleggingssemesteret i, får du ikkje utdanningsstipend. Då blir all støtta utanom reisestipendet ståande som lån.