Kor mykje forsørgjarane dine tener, og kor stor formue dei har, avgjer kor mykje stipend og lån du kan få.
Når du er elev med ungdomsrett og tek vidaregåande opplæring, vil lånet og stipendet ditt bli behovsprøvde. Behovsprøvinga betyr at vi sjekkar inntekta og formuen til foreldra eller forsørgjarane dine. Dette gjeld også etter at du har blitt 18 år.
Her ser du kva typar støtte som blir behovsprøvde:
Du kan lese meir om korleis vi behovsprøver grunnstipend og lån her.
Lånekassen får opplysningane frå skatteetaten
Lånekassen hentar automatisk inn opplysningane om inntekt og nettoformue frå skatteetaten. Vi ser på vanleg inntekt og nettoformue for forsørgjarane dine. Kor mange sysken du har, har også innverknad på kor mykje du kan få.
Dersom du sjølv har arbeidsinntekt eller formue, påverkar ikkje det stipenda og lånet ditt. Har du lærlinglønn, trygd eller pensjon, påverkar det kor mykje du får.
Tener forsørgjarane dine mindre no?
Skatteopplysningane vi har fått, er frå 2010. Tener forsørgjarane dine mindre no enn dei gjorde då, kan Lånekassen ta omsyn til det.
For at vi skal kunne rekne ut inntekta på nytt, må du sende oss dokumentasjon. Den dokumentasjonen vi treng, er:
- kopi av utskrift av likninga for 2010 for alle forsørgjarane dine.
- kopi av lønnsslipp eller utbetalingsslipp eller annan dokumentasjon som viser den noverande inntekta før skatt for alle forsørgjarane dine. Du må sende med nok dokumentasjon til at vi kan rekne ut eit gjennomsnitt på den månadlege inntekta.
Likninga for 2011 er ikkje godkjend dokumentasjon for å vise lågare inntekt.
Har forsørgjarane dine mindre formue no?
Har forsørgjarane dine lågare formue no enn dei hadde i 2010, kan du sende inn kopi av utskrift av likninga for 2011.
Andre endringar
| Kva har skjedd? |
Kva må eg gjere? |
| Forsørgjarane mine tener meir enn dei gjorde i 2010. |
Du treng ikkje å sende inn noko. |
| Forsørgjarane mine har høgare formue enn dei hadde i 2010. |
Du treng ikkje å sende inn noko. |
| Forsørgjarane mine har gått frå kvarandre i løpet av skoleåret. |
Du sender inn dokumentasjon, for eksempel kopi av separasjonsbevillinga dersom dei er separerte, opplysning om kven du bur hos no, og kopi av ein eventuell samværsavtale. |
| Ein av forsørgjarane mine har gått bort i løpet av skoleåret. |
Du sender inn ein e-post, eit brev eller ein faks der du opplyser om dette. |