Grunnstipend og forsørgjarstipend blir redusert dersom du har lærlinglønn, trygd eller pensjon.
Har du lærlinglønn, trygd eller pensjonsytingar i søknadsperioden, blir det trekt 60 øre av stipendet for kvar krone du tener. Vi trekkjer først i grunnstipendet, deretter i eit eventuelt forsørgjarstipend.
Dersom inntekta di varierer, blir gjennomsnittleg månadsinntekt per semester brukt.
Når du søkjer Lånekassen om støtte, må lærebedrifta stadfeste inntekta di på søknadsskjemaet. Mottek du trygd/pensjon, må du leggje ved kopi av pensjons-/trygdevedtaket ditt. Du må føre opp gjennomsnittleg brutto stønad per månad dersom du får f.eks.:
- stønad som einsleg forsørgjar
- attføringspengar/rehabiliteringspengar
- utdanningsstønad frå folketrygda
- annan pensjon/trygd
- sjukepengar
- introduksjonsstønad
Forsørgjer du barn, må du ta med eventuelle ytingar til dei. Barnetrygd, kontantstøtte, grunn- og hjelpestønad skal du ikkje ta med.