Er du lærling med godkjend lærekontrakt, kan du søkje om stipend og lån frå Lånekassen. Å ha godkjend lærekontrakt vil seie at yrkesopplæringsnemnda, opplæringsavdelinga eller fagopplæringskontoret har godkjent han.
Lærling med lovfesta rett til vidaregåande opplæring
Dei fleste lærlingar kjem inn under denne ordninga. Både lærlinglønna di og økonomien til foreldra dine påverkar kor mykje du kan få frå Lånekassen.
Stipend og lån
I utgangspunktet er beløpa dei same som for andre elevar i vanleg vidaregåande opplæring, men fordi du har lærlinglønn, får du normalt mindre. For kvar krone du har i lærlinglønn, får du 60 øre mindre frå Lånekassen. Lærlingar kan få støtte for 11 månader per skoleår.
Bortebuar
Dersom du må bu borte for å gjennomføre læretida, får du eit bustipend på 3 920 kroner per månad. Du får ikkje mindre bustipend sjølv om du har lærlinglønn, men det er andre krav for å få bustipend.
Rekn ut kor mykje du kan få i stipend og lån med støttekalkulatoren.
Heimebuar
Er lærlinglønna di over ca. 3 300 kroner brutto per månad, får du ikkje stipend sjølv om foreldra dine har låg inntekt. Du kan ha rett til eit lite lån. Har du lærlinglønn over ca. 3 300 kroner brutto per månad, kan inntekta og formuen til foreldra dine gjere at du likevel ikkje får stipend eller lån.
Reisestipend
Bur du borte frå heimstaden din i læretida, kan du få reisestipend som ikkje blir behovsprøvd mot inntekt og formue. Reisestipendet er eit tilskott til tre reiser tur-retur i løpet av eitt år og blir rekna ut frå avstanden mellom foreldreheimen og skolen. Du må betale ein eigendel på 1 030 kroner per år.
Søknadsfristar for lærlingar med og uten ungdomsrett
Fristar i Lånekassen.
Slik søkjer du
Dersom du har ungdomsrett og har søkt opptak på vigo.no til ein offentleg vidaregåande skole, er det enklaste å klikke seg direkte frå vigo.no inn på Lånekassen sin elektroniske søknad samtidig som du takkar ja til skoleplassen på vigo.no.
Er du allereie kunde i Lånekassen har du også tilgang til søknaden inne på Dine sider. Har du spørsmål om innlogginga på Dine sider, kan du lese meir på sida med informasjon om korleis ein loggar seg inn på Dine sider.
Utbetaling
Svaret (gjeldsbrevet/stipendmeldinga) blir sendt til den adressa di som sist ble registrert i Lånekassen. Når du har skrive under på gjeldsbrevet/ stipendmeldinga og sendt det i retur til Lånekassen, overfører vi pengane direkte til kontoen din kvar månad.
Foreldra dine må også skrive under på gjeldsbrevet/stipendmeldinga dersom du er under 18 år.
Får du støtte både for hausten 2012 og våren 2013, vil du berre få eitt gjeldsbrev/stipendmelding som gjeld for heile året. Det vil seie at når du får gjeldsbrevet/stipendmeldinga om hausten, signerer du for utbetalingane for heile undervisningsåret 2012–2013.
Lærling i utlandet
Lånekassen gir til vanleg ikkje støtte til læretid utanfor Norden. Lærlingar som får Leonardo-stipend i minst tre månader, kan likevel få støtte til læretid utanfor Norden.
Lån frå før
Når du får pengar frå Lånekassen i læretida, får du automatisk rentefritak (sletta renter) på det gamle lånet ditt.
Får du avslag på søknaden om stipend fordi du har for høg lærlinglønn eller på grunn av økonomien til foreldra dine, kan du søkje om rentefritak og betalingsutsetjing. Bruk skjemaet "Søknad om betalingsutsettelse og rentefritak" (I-skjema), som du finn på samlesida for skjema, og send han inn.
Lærling utan lovfesta rett til vidaregåande opplæring
Er du lærling utan lovfesta rett til vidaregåande opplæring, sjå under høgare og anna utdanning kva reglar som gjeld for deg.
Brosjyren "Lærling"
Du kan skrive ut brosjyren "Lærling" frå sida "brosjyrar".