Alle som søkjer om stipend og lån frå Lånekassen, må søkje på nett.
Dersom du har ungdomsrett og har søkt opptak på vigo.no til ein offentleg vidaregåande skole, er det enklaste å klikke seg direkte frå vigo.no inn på Lånekassen sin elektroniske søknad samtidig som du takkar ja til skoleplassen på vigo.no.
Er du allereie kunde i Lånekassen har du også tilgang til søknaden inne på Dine sider.
Søknadsfristar
Her finn du søknadsfristane.
Sjekk svaret på Dine sider
Ei vekes tid etter at du har sendt søknaden, kan du gå inn på Dine sider for å sjå kva resultatet har blitt, eller kor lenge du må vente på svar.
Svaret kjem til skolen
Når søknaden er behandla, sender vi eit brev som du må hente på skolen. Dersom du får stipend og/eller lån, må du skrive under på stipendmeldinga/gjeldsbrevet og sende det til Lånekassen.
Lærlingar får stipendmeldinga/gjeldsbrevet sendt heim i posten.
HUGS UNDERSKRIFT FRÅ FORELDRE!
Elevar og lærlingar under 18 år må ha foreldres / steforeldres underskrift på stipendmeldinga / gjeldsbrevet . Dersom denne underskrifta manglar, må vi sende ut ei ny stipendmelding / nytt gjeldsbrev, og du vil dermed få pengane seinare.