Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Utdanning ved fleire lærestader samtidig

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 02.03.2011
Tek du utdanning ved to eller fleire lærestader samtidig skal du berre sende inn éin søknad.

Sjølv om du studerer ved to eller fleire lærestader, er det nok at du sender inn éin søknad. På søknaden oppgir du berre utdanninga ved den lærestaden kor du har høgast studiebelastning. Studiebelastning målast i studiepoeng, uketimar, fulltid/deltid, etc. 

For å få støtte også for utdanninga du tek ved den andre lærestaden, må du i tillegg sende inn:

  • Brev der du forklarar at du studerer ved to eller fleire lærestader og oppgir kor høg studiebelastning du har ved kvar lærestad
  • Stadfesting frå den andre lærestaden som syner kor høg studiebelastning du har der

Kombinere høgare og vidaregåande utdanning

Dersom du skal betale skolepengar, må beløpet du skal betale per semester visast anten på sjølve søknaden eller på vedlegget til søknaden.

Du kan gjerne kombinere fleire høgare utdanningar, høgare utdanning og vidaregåande utdanning, eller vidaregåande utdanningar, så lenge utdanningane kvar for seg gir rett til støtte.

Minimum halv belastning

Tek du utdanning ved to eller fleire lærestader samtidig, får du støtte etter kor høg studiebelastning du har totalt. Til dømes vil éi deltidsutdanning på 10 studiepoeng og ei anna på 20 studiepoeng i høgare utdanning, til saman telje likt med ei fulltidsutdanning på 30 studiepoeng.

For å få støtte til ein kombinasjon av utdanningar, er det eit krav at du til saman har minst 50 prosent studiebelastning av fulltidsutdanning.

Maksimal støtte

Du kan maksimalt få støtte tilsvarande fulltidsutdanning, sjølv om du til saman har høgare studiebelastning enn fulltid.