Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Ungdomsrett

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 08.03.2012
Ungdomsrett betyr at du har rett til vidaregåande opplæring.
  • Ungdomsrett, opplæringslova §3-1
  • Du har rett til vanleg vidaregåande opplæring i tre år (eventuelt fleire år dersom utdanninga varer lenger).
  • Gjer du eit omval (byter studieretning), har du rett til eit ekstra år.
  • Du kan ta to "venteår" i løpet av opplæringa utan å miste retten.
  • Du må bruke retten til vidaregåande opplæring i løpet av ei samanhengande periode på fem år, eller seks år ved læretid.
  • Du må bruke retten innan slutten av det året du fyller 24 år.

Det finnes unntak. Spør på skolen dersom du er usikker.

Når du tek vidaregåande opplæring UTAN ungdomsrett

Dersom du tek vidaregåande utdanning utan å fylle krava ovanfor, gjeld andre reglar for stipend og lån. Det same gjeld dersom du tek ei vidaregåande utdanning ved for eksempel folkehøgskolar og IT-skolar.