Pengar rett på konto
I starten av kvart semester får du gjeldsbrevet/stipendmeldinga (vedtak om stipend og lån og låneavtale) sendt til skolen din, slik at dei kan kontrollere at du er elev der før du får det utlevert. Lærlingar får gjeldsbrevet/stipendmeldinga heim i posten.
Når du har skreve under på gjeldsbrevet/stipendmeldinga og sendt det i retur til Lånekassen, overfører vi pengane direkte til kontoen din den 15. i kvar månad. Siste utbetaling i skoleåret er 15. mai for elevar og 15. juni for lærlingar.
Hugs underskrift frå foreldre!
Elevar og lærlingar under 18 år må ha foreldres/steforeldres underskrift på stipendmeldinga/gjeldsbrevet . Dersom denne underskrifta manglar, må vi sende ut eit nytt stipendmelding/gjeldsbrev, og du vil dermed få pengane seinare.
Den første utbetalinga kvart halvår vil vere noko større enn dei neste. Får du utstyrsstipend, vil du få heile beløpet utbetalt saman med den første utbetalinga.
SMS og e-post
Dersom du skriv inn e-postadresse eller mobilnummer på Dine sider eller i søknaden, får du informasjon om søknad og utbetaling. Det kostar deg ingenting.
Skolepengar
Går du på ein privat skole og må betale skolepengar, blir også lån til skolepengar utbetalte ved semesterstart.
Kontonummer for utbetaling
Vi kan berre setje inn pengar på ein konto du eig. På den måten kontrollerer vi at det er rett person som får pengane.
Gjeldsbrevet/stipendmeldinga vil innehalde eitt eller fleire kontonummer som skatteetaten har oppgitt at du eig. Du kan endre kva konto du vil ha pengane overført til på Dine sider eller på gjeldsbrevet/stipendmeldinga.
Dersom du ikkje får valt kontonummer på Dine sider, må du sende inn ei stadfesting frå banken på ein konto du eig, før pengane kan bli overførte. Du bruker skjemaet "Skjema for opplysninger om kontonummer" (skjema K) som du finn på samlesida for skjema.
Utbetaling til foreldre/verje dersom dei ønskjar det
For søkjar under 18 år har foreldre/verje rett til å be om at pengane bli overført til kontoen deira. Foreldre eller verje må sende et eige brev om at pengane skal utbetalast til kontoen til foreldra/verja. Banken må stadfeste med stempel og underskrift kven som eig kontoen. Brevet frå foreldre/verje og stadfesting frå banken må sendast inn samla.
Dersom du går på skole i utlandet
Går du på skole i utlandet får du pengane frå Lånekassen utbetalt kvart halvår. Lånekassen sender eit gjeldsbrev/stipendmelding til den siste adressa som er registrert i Lånekassen. Du må skrive under på gjeldsbrevet/stipendmeldinga og sende det i retur. Når vi har fått det tilbake, blir pengane overførte til kontoen din i Noreg.
Du må sjølv avtale med banken din om overføring av pengane til utlandet.
Stopp av utbetaling
Lånekassen kan stoppe utbetalingane for resten av perioden og annullere resttildelinga dersom du
- avbryt utdanninga og ikkje lenger har rett til støtte
- mislegheld pliktene dine overfor Lånekassen
Gi melding til Lånekassen dersom du sluttar i utdanninga, eller om det oppstår andre forhold som gjer at du ikkje lenger skal ha pengar overført til kontoen din.