Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Utveksling

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 27.03.2012
Denne sida gjeld deg som vil bli utvekslingselev. Hugs dokumentasjon frå skolen og utvekslingsorganisasjonen når du søkjer.

Vi gir støtte til desse utdanningane

I Norden

Vi kan gi støtte til utveksling i vidaregåande opplæring i Norden. Utdanninga må vere godkjent av landet si eiga "Lånekasse". Dei fleste offentlege vidaregåande skolar vil vere godkjent.

Utanfor Norden

Utanfor Norden gir vi vanlegvis berre støtte til Vg2. Vi kan gi støtte til

  • utvekslingsprogram som varer i eitt år og er i regi av ein godkjent organisasjon. Lenger ned på sida finn du ei liste over organisasjonar som er godkjente for skoleåret 20122013.
  • elevar som deltek i godkjente samarbeidsprosjekt mellom norske vidaregåande skoler og utenlandske skoler. Samarbeidsprosjektet må vere godkjent av Kunnskapsdepartementet. Sjå punkt C i vedlegget til fjerde del av forskriftene.
  • studieopphald på minst tre månader gjennom LEONARDO-programmet. Er opphaldet kortare enn tre måneder, kan du behalde støtta du får til vidaregåande opplæring i Noreg. Du treng ikkje søkje spesielt om det
  • elever i yrkesfagleg studieretning som tek eit godkjent utanlandsopphald. Sjå vedlegg til forskrifta sin fjerde del punkt E som viser godkjente opplegg.

Ver merksam på at det ikkje blir gitt støtte til kurs på Vg1-nivå.

Les meir i kapittel 35 i forskriftene, "Hva slags utdanning det gis støtte til".

Godkjente organisasjonar i 2012–2013

  • American Field Service (AFS)
  • Aspect Education Norway
  • EF High School Year
  • Explorius/Explorica
  • Into Education
  • Rotary International Youth Exchange
  • Speak Norge
  • Steinerskolen på Hedmarken
  • STS High School Foundation
  • Youth for Understanding (YFU)
  • Young Life / Amicus International Student Exchange

Søknader om støtte frå elevar om utveksling gjennom andre organisasjonar, kan først bli behandla når organisasjonen har søkt om og fått godkjenning frå departementet for støtte gjennom Lånekassen.

Dette kan du få

I Norden
Støtta til vidaregående opplæring i Norden er den same som for elevar i Noreg.

Utanfor Norden
Utanfor Norden kan du få

  • grunnstipend på inntil 1 980 kroner per månad
  • lån på inntil 1 380 kroner per månad for bortebuarar og inntil 2 740 kroner for heimebuarar, som er det same som for elevar i Noreg
  • bustipend på 3 920 kroner per månad. Du kan ikkje få bustipend dersom du bor saman med foreldrene/forsørgjarane dine der du går på skole
  • reisestøtte. Kor mykje du får, kjem an på kor du skal reise. Du treng ikkje søkje spesielt om reisestøtte, Lånekassen gir deg det du har rett til. Du kan få tilskot til to reiser tur-retur i året mellom bustaden i Noreg og regionen lærestaden ligg i.
  • utstyrsstipend etter satsen for det utdanningsprogrammet du følgjer i Noreg

Reisestøtte
Elevar som tek vidaregåande opplæring i land utanfor Norden, kan ha rett til reisestøtte. Du kan få tilskot til to reiser tur-retur i året mellom bustaden i Noreg og lærestaden. Tillegget blir gitt med 100 prosent stipend i Noreg, og med 70 prosent som stipend og 30 prosent som lån for reiser utanfor Noreg.

  • Du må betale ein eigendel på 686 kroner per skoleår.
  • Er du over 25 år kan du ikkje få reisestipend i Norden.

Slik søkjer du

Alle som søkjer om stipend og lån skal søkje på nett. Logg deg inn her med MinID for å søkje om støtte.

Er du allereie kunde i Lånekassen har du også tilgang til søknaden inne på Dine sider. Har du spørsmål til innlogginga på Dine sider, kan du lese meir på informasjonssida om korleis ein loggar seg inn på Dine sider.

Du må leggje ved dokumentasjon når du søkjer

Dette må du leggje ved søknaden:

  • Stadfesting frå skolen din i Noreg som viser at opplegget blir godkjent som Vg2 og ikkje fører til forseinking.
  • Dokumentasjon som viser kva for ein godkjent utvekslingsorganisasjon som organiserer opplegget.

Elevar som deltek på godkjente samarbeidsprosjekt mellom norske og utanlandske skolar treng ikkje å leggje ved ekstra dokumentasjon.

Fristen for å søkje støtte er 15. november for hausten og 15. mars for våren.