Alle kundar i Lånekassen får i januar kvart år årsoppgåva for året før i ei elektronisk postkasse på Dine sider.
Finn tall til sjølvmeldinga på to måter
- Dei kundane som har gitt samtykke til elektronisk kommunikasjon med Lånekassen, får årsoppgåva kun i postkassa på Dine sider. Alle andre får årsoppgåva tilsendt i posten i tillegg.
- Dersom du ikkje har fått årsoppgåva på papir eller elektronisk, finn du også tall til sjølvmeldinga under "Beløp til selvangivelsen" inne på Dine Sider.
Renter og gjeld
Årsoppgåva viser
- gjeld ved årsskiftet
- kor mykje renter og avdrag du har betalt i fjor
- kva beløp som skal førast i sjølvmeldinga
- når lånet skal vere innfridd
Opplysningane blir også sendt til Skatteetaten.
Omsetjing til kundar i utlandet
Bur du i utlandet og skal bruke årsoppgåva som dokumentasjon til lokale likningsmyndigheter, kan du skrive ut ei kort omsetjing på engelsk, tysk eller fransk. På samlesida for skjema finn du omsetjing av årsoppgåva.