Det billegaste og enklaste er å behalde ein norsk bankkonto som du betaler frå.
For deg som har norsk bankkonto:
For deg som ikkje har norsk bankkonto:
- For å overføre pengar frå ein utanlandsk bank treng du SWIFT-adressa og IBAN-nummeret til Lånekassen. Du kan overføre beløpet i både norske kroner og lokal valuta.
- Har du ikkje nettbank, kontaktar du banken din i utlandet og bestiller ei SWIFT-overføring.
- Banken treng opplysningar om mottakaren av pengane (Lånekassen) og om kva betalinga gjeld.
- Hugs å oppgi KID- nummeret ditt hos Lånekassen. Du kan også bruke kundenummeret ditt i Lånekassen. Du finn KID-nummeret og kundenummeret ditt på Dine sider eller på den forrige rekninga.
- I tillegg er det greitt å oppgi namnet ditt, dersom det er ein annan person som betaler for deg.
Betalinga overfører du til
- Statens lånekasse for utdanning
Postboks 36 Kalbakken
0901 Oslo
- Kontonr./IBAN-nr: NO55 7694 0512 928
SWIFT/BIC: DNBANOKKXXX
Bank: DNB
Betaling med sjekk
Du kan også betale med sjekk. Betaler du med ein privat sjekk, dvs. sjekkar du har på ein konto i den utanlandske banken din, må dei skrivast ut i den lokale valutaen. Hugs å føre opp KID- nummer eller kundenummer på sjekken.
Du kan også kjøpe ein valutasjekk i ein lokal bank i norske kroner eller lokal valuta.
Hugs å føre på KID-nummer. OBS! Betaling med sjekk tek lang tid.
Høge gebyr i utlandet
Utanlandske bankar tek ofte høge gebyr for å overføre pengar. Dersom du betaler fleire terminbeløp samtidig, kan du spare pengar. Du vil likevel få tilsendt ei rekning, men det vil gå fram at du har betalt terminbeløpet tidlegare. Det er viktig at du les meldingane på rekningane nøye. Står det ikkje noko om forskottsbetalinga di, finn du oppdatert informasjon på Dine sider.
Årsoppgåve på andre språk
Du kan skrive ut ei kort forklaring av årsoppgåva på engelsk, tysk og fransk. Denne kan du bruke som dokumentasjon til likningsetaten der du bur.
Brosjyren "Betaling fra utlandet"
Du kan skrive ut brosjyren "Betaling fra utlandet".