Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Betalingsplan

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 13.01.2011

Betalingsplan og rentebelastning

Lånet er rentefritt så lenge du får pengar frå Lånekassen. (Er du i deltidsutdanning, vil tidlegare lån bli rentebelasta.) Når du er ferdig med utdanninga, har slutta eller ikkje lenger får stipend eller lån, blir det rekna renter frå første månadsskiftet.

Du får ein betalingsplan i posten ca. fire månader etter dette. I betalingsplanen ser du kor mykje du skal betale i renter og avdrag (terminbeløp).

Sjå eksempel på betalingsplanar med ulike rentesatsar og lånebeløp.

Første innbetalinga

Du får ein betalingspause på ca. sju månader etter at utdanninga er avslutta. Hugs at det blir lagt til renter kvar månad, og at gjelda dermed aukar i denne perioden.

Fire innbetalingar i året

Faste terminforfall er

  • 15. februar
  • 15. mai
  • 15. august
  • 15. november

Renta - fast eller flytande

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og blir fastsett for tre månader om gongen.

Du kan velje mellom flytande rente, som blir fastsett for tre månader om gongen, eller fast rente for ein avtalt periode på tre, fem eller ti år. Du kan søkje om fast rente på Dine sider.