Med eFaktura kan du få ferdig utfylte rekningar rett i nettbanken, alt du treng å gjere er å klikke OK!
Fakta om eFaktura
- Innhaldet på eFakturaen og papirrekninga er heilt likt
- Låntakarar som bruker eFaktura får ikkje gebyr ved utsending av vanleg terminvarsel. Dette betyr at dei sparar kr 35 per termin, dvs. inntil kr 140 per år
- Kundar som betaler med eFaktura får mykje sjeldnare purring enn dei som betaler med papirrekning
- Merk! eFaktura er ikkje det same som avtalegiro/autogiro, der beløpet automatisk blir belasta kontoen din. Med eFaktura må du sjølv aktivt gå inn i nettbanken og betale rekninga. Du har dermed full kontroll over om og når rekninga skal betales
- Over 250 000 av Lånekassens kundar bruker allereie eFaktura
Dersom du har betalt inn heile beløpet før forfallsdato, dekkjer det heile terminsumen og du får ein eFaktura utan påførd sum. Dersom du likevel vil betale ved dette forfallet, kan du bruke eFakturaen og skrive beløpet du ønskjer å betale i betalingsfeltet.
Kva er bra med eFaktura?
- Enkelt – alt du treng å gjere er å klikke OK i nettbanken.
- Riktige opplysningar – Rekninga er utfylt på førehand, derfor blir opplysningane alltid korrekte.
- Påminning – du kan be om e-post frå nettbanken din når rekninga ligg klar.
- Tilgjengeleg – du har alltid rekninga tilgjengeleg i nettbanken.
- Oversikt – du ser kva rekningar som er betalte, og du kan samanlikne med forrige rekning.
- Miljøvennleg – det blir mindre papirproduksjon og transport.
Slik bestiller du eFaktura:
Du kan bestille eFaktura på Dine sider eller i nettbanken din.
Slik bestiller du eFaktura på Dine sider:
- Velg lenka under.
- Logg inn på Dine sider.
- Velg lenka for å bestille eFaktura.
- Logg inn med BankID.
- Neste rekning kjem som eFaktura i nettbanken din.
Gå til teneste for å bestille eFaktura på Dine sider.
Slik bestiller du eFaktura frå nettbanken din:
- Gå inn i nettbanken din.
- Registrer kundenummeret ditt som eFakturareferanse.
- Neste rekning vil då kome som eFaktura i nettbanken.
Har du fleire nettbankar, vil eFakturaen kome i alle nettbankene dine. Du velger sjølv kva for ein nettbank du vil betale den i.
Eigen nettbank
For å inngå avtale om eFaktura frå Lånekassen må du vere nettbankbrukar. Du kan ikkje bestille eFaktura for andre enn deg sjølv, og nettbanken du bestiller frå, må vere registrert på fødselsnummeret ditt. Årsaka til det er at vi sender ut opplysningar på rekninga som kjem inn under teieplikta.