Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Forskottsbetaling

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 02.05.2012
Dersom du vil betale ein termin på forskott, kan du fritt gjere det. Du vil likevel få terminvarsel for denne terminen.

På varselet vil det stå at terminbeløpet er betalt, heilt eller delvis, og kor mykje som eventuelt står igjen. Er heile beløpet betalt, kan du sjå bort frå varslet.

Er heile terminbeløpet registrert betalt hos oss når vi sender ut terminvarslet, vil vi ikkje leggje til gebyr på varslet.

eFaktura

Dersom du har fast rente og betalt inn heile beløpet før forfallsdato, dekkjer det heile terminsumen og du får ein eFaktura utan påførd sum. Dersom du likevel vil betale ved dette forfallet, kan du bruke eFakturaen og skrive beløpet du ønskjer å betale i betalingsfeltet.