|
Gebyr ved førstegongsvarsling, ordinær papirfaktura:
|
35 kroner
|
|
Gebyr ved førstegongsvarsling, eFaktura:
|
0 kroner
|
| Gebyr ved andregongsvarsling (purring): |
280 kroner
|
| Gebyr ved varsel om oppseiing av lånet: |
490 kroner
|
| Dersom lånet går til tvangsinnkrevjing, vil det kome ytterlegare omkostningar som låntakaren må betale. |
Du kan unngå gebyra
Låntakere som brukar e-faktura vil ikkje få gebyr ved utsending av vanlig terminvarsel. Dette betyr at dei sparer kr 35 per termin, dvs. inntil kr 140 per år.
Dersom terminbeløpet er registrert når vi skriv ut papirvarselet, vil vi ikkje leggje til dette gebyret, sjølv om du får terminvarselet i posten.
Det blir ikkje lagt til gebyr når du bestiller giroar for ekstra innbetaling.
Det blir ikkje lagt til purregebyr dersom du har sendt inn søknad om betalingsutsetjing innan forfallsdatoen, og det berre er beløpet for siste forfall som er med på rekninga.
Kvifor Lånekassen tek gebyr
Lån i lånekassa er gitt utan sikring. Dette er ein føresetnad for å oppnå målet med Lånekassen, nemleg lik rett til utdanning. Fyller du vilkåra for lån, skal du få det på "ditt ærlege ansikt", og ikkje fordi nokon kan garantere for deg. Den strenge gebyrpolitikken er eit verkemiddel for å få pengane inn igjen, slik at staten ikkje taper pengar.
Gebyra for purring og varsel om oppseiing er høgare enn i private bankar. Det er fordi Lånekassen har fått unntak frå lova som set ei øvre grense for gebyr i private bankar.