Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Innfrielse

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 27.06.2011

Slik innfrir du studielånet

  1. Logg inn på Dine sider for å få vite restgjelda di. Hugs at dersom du passerer eit månadsskifte før innbetalinga blir registrert i Lånekassen, blir det  lagt til  renter for ein månad til. Dersom desse rentene  ikkje er med i det  innbetalte  beløpet, vil det bli ståande igjen ei restgjeld som du seinare vil få krav om å betale.
  2. Betal til Lånekassen sitt kontonummer 7694.05.12928. Hugs KID-nummeret.

For deg som skal innfri rett etter avslutta utdanning

Har du lån som skal omgjerast til stipend etter bestått eksamen, må du ikkje betale inn heile lånet, men la det stå igjen eit  beløp som er like stort som det som skal omgjerast. Innfrir du heile lånet før omgjeringa, mister du stipendet, for pengane blir ikkje utbetalte. Kor mykje som kan bli omgjort, ser du på Dine sider.

For deg med fast rente

Har du fast rente, bør du lese meir om ekstrainnbetalingar og innfriing.

Les dette før du innfrir

Dersom du vil innfri (betale inn heile gjelda) eller refinansiere, bør du tenkje på at lån i Lånekassen har  fleire fordelar:

  • har sosiale ordningar som vanlege bankar ikkje har
  • er personleg gjeld utan krav om pant eller anna sikring
  • har ei gratis gjeldsforsikring dersom du blir  ufør,  og ved dødsfall