Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Månadleg betaling

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 11.01.2011
Du kan gjerne betale kvar månad.

Men fordi forfalla er kvart kvartal, må du framleis innrette deg etter det når du betaler. Forfallsdatoane er 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november.

Slik betaler du kvar månad

Del terminbeløpet i tre, og pass på at heile summen er betalt innan fristen.

Eksempel

Du kan til dømes betale rekninga for november med ein tredjedel i september, ein tredjedel i oktober og ein tredjedel før betalingsfristen i november. Bruk alltid KID-nummer når du betaler. KID-nummeret er det same kvar gong. Du finn KID-nummeret på Dine sider og på tidlegare rekningar.

Kor mykje sparer du?

Det er ikkje så mange kroner å spare på å betale månadleg i staden for kvartalsvis, men det kan gi deg betre styring med økonomien.

Sjå døme på månadleg betaling med ulike rentesatsar.

Velg eFaktura - spar pengar

Vel du eFaktura slepp du varslingsgebyret på 35 kroner per forfall. Du kan bruke eFaktura sjølv om du betalar kvar månad. Du kan endre beløpet og betalingsdato som står på eFakturaen du får sendt til nettbanken din. Har du allereie betalt inn nok til å dekke terminbeløpet, kan du slette eFakturaen.

Les meir om eFaktura.