Du kan betale ekstra på studielånet så ofte og så mykje du vil.
Ekstra innbetalingar fører til kortare nedbetalingstid. Du betaler berre renter for den gjelda du faktisk har i Lånekassen.
Slik betaler du ekstra
- Brukar du nettbank, oppgi KID-nummeret ditt i feltet for melding til mottakar når du betalar. KID-nummeret er det same kvar gong. Du finn KID-nummeret ditt på Dine sider.
- Kontonummeret til Lånekassen er 7694 05 12928.
Betaler du inn ekstra slik at nedbetalingstida blir kortare, kan du søkje om å få terminbeløpet sett ned slik at nedbetalingstida blir den same som før ekstrainnbetalinga. Terminbeløpet kan ikkje bli sett lågare enn kr 1 000.
Sjå døme på raskare nedbetaling med ulike rentesatsar.
For deg som har fast rente
Har du fast rente, må du vere merksam på at ekstrainnbetalingar i somme tilfelle gjer at du må betale for det dersom Lånekassen taper renteinntekter når du betaler inn ekstra (overkurs). Les meir om overkurs og underkurs ved ekstra innbetalingar.
For deg som har eFaktura
Dersom du har betalt inn heile beløpet før forfallsdato, dekkjer det heile terminsumen og du får ein eFaktura utan påførd sum. Dersom du likevel vil betale ved dette forfallet, kan du bruke den eFakturaen og skrive beløpet du ønskjer å betale i betalingsfeltet.
Rentefrådrag på skatten
Renter som er betalt, kan du trekkje frå inntekta di på sjølvmeldinga. Det er ikkje nok at rentene er påløpt, dei må vere betalt. Vi sender opplysningar til Skatteetaten om kor mykje renter du har betalt.