Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Ordforklaringar

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 05.09.2011
Ord Forklaring
Annuitetslån På eit annuitetslån er summen av renter og avdrag lik kvar termin (dersom rentesatsen er den same). Det vil seie at rentedelen av det du betaler, blir mindre etter kvart som lånet blir mindre, og avdragsdelen aukar.
Betalingspause Betalingspausen er ein automatisk pause på om lag sju månader etter at du er ferdig med utdanninga di. I denne pausen treng du ikkje betale til Lånekassen, men det blir rekna renter for perioden. Du kan starte tilbakebetalinga tidlegare.
Betalingsplan Om lag fire månader etter at du er ferdig med utdanninga di, får du ein betalingsplan i posten. I betalingsplanen ser du kor mykje du skal betale i renter og avdrag (terminbeløp).
Betalingsutsetjing Betalingsutsetjing vil seie at du får utsett betalinga av ein eller fleire terminar. Til vanleg får du då lengre nedbetalingstid. Du kan velje mellom å få utsett heile terminbeløpet eller berre halve. Ei utsetjing fører til at du får ei større gjeld som det blir rekna renter av, og du må betale fleire kroner tilbake til Lånekassen.
eFaktura Faktura som blir send rett til nettbanken din. Du må godkjenne fakturaen for at pengane skal gå ut av kontoen din. Du slepp administrasjonsgebyret på kr 35 som blir lagd til på papirfakturaen. eFaktura må du sjølv bestille i nettbanken din. 
Ettergiving Du kan få sletta (ettergitt) ein del av eller heile lånet ditt. Det er spesielle krav du må oppfylle, t.d. at du er varig ufør eller at du bur og arbeider i Finnmark eller Nord-Troms. Dersom det ikkje er muleg å krevje inn lånet, kan lånet etter ei streng vurdering også slettast.
Fast rente Fast rente vil seie at du bind deg til å ha same renta i ein avtalt periode. Du kan binde renta for tre, fem eller ti år om gongen.
Flytande rente

Renta på lånet ditt forandrar seg i takt med marknaden. Den kan endre seg annankvar månad.

Inkasso Betaler du ikkje etter varsel om oppseiing, går saka di til Statens Innkrevjingssentral (SI) for vidare innkrevjing. SI kan ta trekk i løn/trygd, eller ta pant i mellom anna bil, bustad og bankinnskott. 
Innfriing Du kan når som helst betale inn heile lånet ditt. Det vil seie at du har innfridd lånet.
Klage Du får skriftleg svar på alle søknader. Dersom du meiner at søknaden din er behandla feil i forhold til regelverket, kan du sende ei skriftleg klage til klagenemnda i Lånekassen. Klagefristen er tre veker frå du har fått brevet.
Misleghald Dersom du ikkje betaler terminbeløpet og heller ikkje søkjer om, og får, betalingsutsetjing, mislegheld du lånet ditt. Misleghald av lånet kan få store økonomiske konsekvensar for deg. Sjå inkasso.
Oppseiing Dersom du ikkje betaler forfallet etter første- og andregongsvarsel, får du varsel om oppseiing. Dersom du framleis ikkje betaler eller dokumenterer rett til betalingsutsetjing innan ein gitt frist, seier vi opp lånet ditt. Dette er første steg mot inkasso. Dersom vi seier opp lånet ditt, stig renta med eitt prosentpoeng.
Purring Dersom du ikkje betaler innan fristen, får du eit varsel (purring) med eit gebyr på 280 kroner. Betaler du framleis ikkje, må du betale 490 kroner til (varsel om oppseiing).
Rentefritak Rentefritak vil seie at vi slettar rentene på lånet for ein periode. Du slepp heilt å betale desse rentene. Du kan få rentefritak av økonomiske og sosiale årsaker.
Rentesrente Dei rentene som blir rekna på ubetalte renter, blir kalla rentesrente. Rentesrente får du mellom anna i betalingspausen, og når du får betalingsutsetjing.
Statens innkrevjingssentral(SI) Dersom du mislegheld lånet ditt, kan saka bli send til Statens innkrevjingssentral (SI) for innkrevjing. SI kan ta trekk i lønn/trygd, eller ta pant i mellom anna bil, bustad og bankinnskott. Dersom lånet er misleghalde i meir enn tre år, kan lånet bli permanent overført til SI. Då misser du alle rettane du hadde i Lånekassen.
Terminforfall Terminforfall er tidspunktet for innbetaling. Lånekassen har fire terminforfall i året (15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november). Første terminforfall er sju månader etter avslutta utdanning.
Varsel om oppseiing Dersom du ikkje betaler andregongsvarselet, sender vi deg eit varsel med eit ekstra gebyr på 490 kroner. Dette er første steget mot inkasso. Om du ikkje reagerer, blir gjelda sagd opp, og renta stig eitt prosentpoeng.
Andregongsvarsel Dersom du ikkje betaler innan terminforfall, får du tilsendt andregongsvarsel. På dette varselet legg vi til eit gebyr på 280 kroner.

Ordforklaringar stipend og lån