Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Langvarig misleghald

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 11.01.2011
Dersom gjelda di har vore oppsagd i lang tid, kan du tape alle rettar som kunde i Lånekassen.

Har du misleghalde lånet ditt i meir enn tre år, vil det til vanleg bli permanent overført til Statens innkrevjingssentral. Med misleghald meiner vi at du ikkje betaler det du skal, og heller ikkje ordnar opp i saka på annan måte.

Blir gjelda permanent overført til Statens innkrevjingssentral, misser du alle rettar som kunde i Lånekassen, det vil seie rett til betalingsutsetjing, rentefritak, ettergiving, stipend og lån.

Betalingsmerknad

Statens innkrevjingssentral kan dessutan setje i gang tvangsinnkrevjing og ta trekk i lønn eller trygd. Dei kan også ta pant i eigedelane dine.

Du får også betalingsmerknad og dermed problem med å få lån andre stader.

Ta kontakt før gjelda blir overført

Før gjelda blir permanent overført til Statens innkrevjingssentral, vil du få både varselbrev og vedtaksbrev om den permanente overføringa av gjelda.

Sjølv om lånet har vore misleghalde i meir enn tre år, vil ikkje Lånekassen overføre gjelda til Statens innkrevjingssentral på permanent basis dersom

  • du har inngått ein betalingsavtale som du følgjer
  • du har trekk i lønn eller trygd
  • du i løpet av det siste året har betalt inn ein vesentleg sum
  • du har dokumentert at du har rett til betalingslette