Dersom Statens innkrevjingssentral set i gang tvangsinnkrevjing, kan dei ta pant mellom anna i bustad, bankinnskott og VPS-konto.
Statens innkrevjingssentral (SI) kan be om tvangssal av eigedelane gjennom namsmannen eller tingretten. Du må betale kostnadene med tvangssalet.
Lånekassen beheld pantet, sjølv om misleghaldet av lånet stansar. Pantet blir sletta når gjelda er innfridd, eller når pantet ikkje lengre er gyldig.
Førespurnader om pant
Det er SI som behandlar førespurnader om pantet så lenge lånet er sagt opp. Lånekassen svarar på desse førespurnadene etter at oppseiinga er fråfallen og tilbakebetalinga har starta opp att på vanleg måte.
Ved frivillig sal av bustad/eigedom
Ved frivillig sal av bustad/eigedom som Lånekassen har pant i, vil Lånekassen krevje den delen av kjøpesummen som står att etter at panthavarar med høgre prioritet har fått dekt krava sine, sjølv om vanleg tilbakebetaling av lånet er i gang att.
Skal du selje bustaden/eigedom medan lånet enno er sagt opp, må du kontakte SI for å få greie på kva slags vilkår som gjeld for sletting av pant ved sal.
Betalingsmerknad i kredittregister
Ei utleggsforretning kan føre til at du får ein betalingsmerknad. Betalingsmerknaden kan bli ei hindring dersom du skal søkje lån i private bankar eller ønskjer eit mobilabonnement. Betalingsmerknaden kan bli ståande i fleire år.
Er ei utleggsforretning halden og du ønskjer å klage på avgjerda eller handlemåten under tvangsinnkrevjinga, må du klage direkte til namsmannen/SI.
Spørsmål?
Har du spørsmål til Lånekassen, kan du kontakte oss.
Du må sende skriftleg melding dersom du vil søkje om å slette tinglyst pant. Adressa er:
Lånekassen
Postboks 36 Kalbakken
0901 Oslo
Har du spørsmål til SI, kan du kontakte dei slik:
Telefon 75 14 94 00
Internett www.sismo.no
Brev til: SI, Postboks 455, 8601 Mo i Rana