Sjølv om lånet ditt er oppsagt, kan du ha rett til å få ettergitt heile eller ein del av lånet dersom du blir ufør.
Er du minst 50 prosent ufør og får varig uførepensjon frå folketrygda eller tilsvarande pensjonsordning i utlandet, kan du ha rett til å få heile eller ein del av lånet ditt ettergitt (sletta).
Retten til ettergiving er avhengig av bruttoinntekta di. Ved delvis ettergiving blir gjelda nedskriven, og nye terminbeløp blir fastsette.
Dersom du får førebels uførestønad eller attføringsstønad, vil du ikkje få ettergiving, men du kan i staden ha rett til betalingsutsetjing og rentefritak.