Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Arbeidsløyse

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 09.01.2012
Dersom du har vore registrert arbeidsledig, kan du få rentefritak (sletta renter) på studielånet. Det er viktig at du registrerer deg hos NAV straks du blir ledig.

Sjekk om du kan få rentefritak

  • For å få rentefritak må du ha vore arbeidsløys i minst tre månader samanhengande.
  • Du må ha dokumentasjon som viser meldedatoar frå NAV for perioden du har vore registrert ledig.
  • Inntekta di må ikkje ha vore over inntektsgrensane for rentefritak. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka for kvart barn.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søkje om rentefritak ein gong i året, helst straks året er slutt.

Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. Lånekassen kan uansett ikkje fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer om rentefritak for. Årsaka er at søknaden om rentefritak blir vurdert i forhold til årsinntekta di som visast på likninga, og vi får ikkje likningsdata frå skatteetaten før mot slutten av året.