Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Soning

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 09.01.2012
Du kan få rentefritak (sletta renter) på studielånet ved langvarig soning.

Sjekk om du kan få rentefritak

  • Du må ha sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst tolv månader samanhengande.
  • Bruttoinntekta di per månad må ikkje ha vore over 13 190 kroner i gjennomsnitt i same periode.
  • Du må ha stadfesting frå fengsel eller sikringsanstalt på periode og brutto månadsinntekt i perioden.
  • Den samla inntekta for deg og ektefellen, sambuaren din eller den registrerte partnaren din må ikkje ha vore over inntektsgrensane for rentefritak. Forsørgjer du barn under 16 år, auker inntektsgrensa for kvart barn. Som sambuar blir berre rekna sambuar du har felles barn med.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søkje om rentefritak ein gong i året, helst straks året er slutt. Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. Lånekassen kan uansett ikkje fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer om rentefritak for. Årsaka er at søknaden om rentefritak blir vurdert i forhold til årsinntekta di som visast på likninga, og vi får ikkje likningsdata frå skatteetaten før mot slutten av året.