Har du sosialstønad som einaste inntekt, kan du få rentefritak (sletta renter) på studielånet.
Sjekk om du kan få rentefritak
- Du må ha hatt økonomisk stønad etter § 5-1 i sosialtenestelova som einaste inntekt i minst tre månader samanhengande.
- Du må ha stadfesting frå sosialkontoret på perioden du har hatt sosialstønad som einaste inntekt.
- Inntekta di må ikkje ha vore over inntektsgrensane for rentefritak.
- Rentefritak etter denne årsaka kan bli gitt for inntil tre år til saman.
Søk ein gong i året
Det enklaste er å søkje om rentefritak ein gong i året, helst straks året er slutt. Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. Lånekassen kan uansett ikkje fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer om rentefritak for. Årsaka er at søknaden om rentefritak blir vurdert i forhold til årsinntekta di som visast på likninga, og vi får ikkje likningsdata frå skatteetaten før mot slutten av året.