Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Studenttillitsverv

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 09.01.2012
Har du tillitsverv i ein student- eller elevorganisasjon, kan du få rentefritak (sletta renter) på studielånet for den perioden du har vervet.

Sjekk om du kan få rentefritak

  • Du må ha hatt tillitsverv på fulltid i ein landsomfattande elev- eller studentorganisasjon, eller i tilknyting til utdanningsinstitusjon eller studentsamskipnad.
  • Tillitsvervet må ha vart i minst tre månader samanhengande.
  • Du må ha stadfesting på tillitsverv og varighet.
  • Inntekta di må ikkje ha vore over inntektsgrensane for rentefritak. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka for kvart barn.
  • Rentefritak kan bli gitt i inntil tolv månader.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søkje om rentefritak ein gong i året, helst straks året er slutt. Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. Lånekassen kan uansett ikkje fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer om rentefritak for. Årsaka er at søknaden om rentefritak blir vurdert i forhold til årsinntekta di som visast på likninga, og vi får ikkje likningsdata frå skatteetaten før mot slutten av året.