Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Sjukdom

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 09.01.2012
Blir du langvarig sjuk og tener lite, kan du få rentefritak (sletta renter).

Krav

  • Sjukdommen, rehabiliteringa eller attføringa må ha vart  i minst tre månader samanhengande
  • Stadfesting frå lege eller NAV på perioden du har vore sjuk eller under attføring/rehabilitering.

Ytingar som kan gi rett til rentefritak

  • Sjukepengar
  • Rehabiliteringspengar
  • Tidsbegrensa uførestønad
  • Arbeidsavklaringspengar
  • Du må ha fått utbetalinga i minst tre månader samanhengande. Du kan også søkje om rentefritak dersom du har motteke to eller fleire typar utbetalingar i kortare periodar enn tre månader, men der periodane heng saman og samla er på minst tre månader.
  • Du må ha stadfesting frå lege eller NAV på perioden du har motteke utbetalinga.
  • Inntekta di må ikkje ha vore over inntektsgrensane for rentefritak. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka for kvart barn.

Er du innvilga tidsavgrensa uførestønad, kan du få rentefritak etter reglane over. Les også om sletting av gjelda til varig uføre.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søkje om rentefritak ein gong i året, helst straks året er slutt. Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. Lånekassen kan uansett ikkje fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer om rentefritak for. Årsaka er at søknaden om rentefritak blir vurdert i forhold til årsinntekta di som visast på likninga, og vi får ikkje likningsdata frå skatteetaten før mot slutten av året.