Du kan ha rett til rentefritak (sletting av renter) under fulltidsutdanning, deltidsutdanning, og praksis som er del av studia.
Fulltidsutdanning
- Tek du fulltidsutdanning og har rett til støtte, har du samtidig rett til rentefritak i så lang tid som det kan bli gitt støtte. Føresetnaden er at du består utdanninga.
- Er du heimebuar og får avslag på søknad om stipend, kan du likevel ha rett til rentefritak.
- Du bør søkje om sletting av renter (rentefritak) for kvart undervisningsår.
Deltidsutdanning
- Tek du deltidsutdanning og har rett til støtte, har du samtidig rett til rentefritak i så lang tid som det kan bli gitt støtte. Føresetnaden er at du består utdanninga.
- Er du heimebuar og får avslag på søknad om stipend, kan du likevel ha rett til rentefritak.
- Inntekta di må ikkje ha vore over inntektsgrensane for rentefritak. Forsørgjer du barn under 16 år, blir inntektsgrensa auka for kvart barn.
- Rentefritak ved deltidsutdanning blir vurdert i forhold til årsinntekta som visast på likninga. Har du teke deltidsutdanning, held det dermed å søkje ein gong i året. Lånekassen kan først ta endeleg stilling til søknaden din om rentefritak når vi får likningsdata frå skatteetaten, det vil seie først mot slutten av året etter det året du søkjer om rentefritak for.
Obligatorisk praksis
- Det blir gitt rentefritak under praksis som er ein obligatorisk del av studieplanen, og som det kan bli gitt støtte til.
Du kan ha rett til rentefritak av andre grunnar
Dersom du ikkje fyller vilkåra for rentefritak på grunn av utdanning, kan du sjekke om du fyller vilkåra for rentefritak etter sosiale og økonomiske årsaker (omsorg for barn, attføring osv.). Sjå menyen til venstre på sida.
Slik søkjer du
Du må vente med å søkje til perioden du skal søkje om rentefritak for, er over. Lånekassen kan først gi rentefritak etter at rentene er lagde til lånet.
Bruk nettsøknaden for rentefritak. Du loggar inn på søknaden med MinID.
Det er også mogleg å søkje på papir. Bruk søknadsskjema I, "Søknad om betalingsutsettelse og rentefritak", som du finn på samlesida for skjema.