Når du avtener militær og sivil verneplikt, kan du få rentefritak (sletta renter) på studielånet.
Sjekk om du kan få rentefritak
- Du kan få rentefritak dersom du avtener militær og sivil verneplikt, eller er elev ved en militær skole.
- Du må ha stadfesting på avtjent verneplikt med stempel og underskrift frå militær styresmakt eller sivilteneste-administrasjonen. Du kan bruke stadfesta kopi av vernepliktsboka eller dimisjonsattesten.
- Statsborgarar frå EU-/EØS-land kan få rentefritak når dei avtener verneplikt i heimlandet.
- Tenesta må vare i minst tre månader samanhengande.
- Inntekta di må ikkje ha vore over inntektsgrensane for rentefritak.
Søk ein gong i året
Det enklaste er å søkje om rentefritak ein gong i året, helst straks året er slutt.
Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. Lånekassen kan uansett ikkje fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer om rentefritak for. Årsaka er at søknaden om rentefritak blir vurdert i forhold til årsinntekta di som visast på likninga, og vi får ikkje likningsdata frå skatteetaten før mot slutten av året.