Med fast rente låser du renta på ein gitt rentesats, for tre, fem eller ti år.
Du kan velje mellom fast rente i tre, fem eller ti år. Når bindingstida er ute, går du automatisk over til flytande rente. Dersom du begynner å studere igjen og får støtte frå Lånekassen, blir avtalen oppheva, les om dei økonomiske konsekvensane. Det løper ikkje renter på lånet i den perioden du mottek støtte. Du har moglegheit til å avslutte avtalen om fast rente dersom du ønskjer det. Du kan framleis søkje om betalingsutsetjing og rentefritak når du har fast rente.
Søknadsfristar
Du kan binde renta mellom den 1. og 12. annankvar månad, sjå oversikt nedanfor.

Du kan ikkje binde renta dersom
- du har mindre enn tre år igjen av nedbetalingstida
- du ikkje har eit rentebærande lån (mellom anna mottek støtte til fulltidsutdanning)
- du avbraut tidlegare avtale om fast rente for mindre enn to månader sidan. Det vil seie at du ikkje kan avslutte ein avtale om fast rente og binde til ny fast rente i same søknadsperiode. Eksempel: Hvis du per 1. oktober har ein fastrenteavtale, kan du seie opp denne mellom 1. og 12. oktober, men du kan ikkje binde til ny fast rente før i neste søknadsperiode 1.-12. desember.
- du har fått lånet oppsagt fordi du ikkje har betalt
- du har fått gjeldsordning etter gjeldsordningsloven
- du er under 18 år
- du får støtte til deltidsutdanning og har rentebærande lån frå før
Innfriing og avlutning av avtalen
Avslutter du fastrenteavtalen, innfrir heile lånet eller betaler inn meir i løpet av året enn det nedbetalingsplanen viser, kan det oppstå eit rentetap for Lånekassen som gjer at du må betale ekstra (overkurs). Les meir om overkurs og underkurs her.
Konekvensar for deg med fast rente som skal ta meir utdanning
Dersom du har fastrenteavtale, og byrjar å studere fulltid eller deltid i avtaleperioden og får støtte frå Lånekassen, får det økonomiske konsekvensar. Taper Lånekassen renteinntekter fordi du opphevar fastrenteavtalen, må du betale dette taper (overkurs). Tener Lånekassen på at du opphevar fastrenteavtalen, får du fortenesta (underkurs). Avtalen om fast rente blir regna som avslutta på den fyrste dagen i den månaden du får den fyrste utbetalinga av ny støtte.
Fastrenta står på årsoppgåva
På årsoppgåva frå Lånekassen kan du sjå om du har avtale om fast rente, når den går ut, og kva rentesats du har. Årsoppgåva finn du i postkassen på Dine sider.
Fastsetting av fast rente og fristar for å søkje
Setting av fast rente
|
Søknadsperiode
|
Gjeld frå dato
|
|
1. februar 2012
|
1.−12. februar 2012
|
1. mars 2012
|
|
1. april 2012
|
1.−12. april 2012
|
1. mai 2012
|
| 1. juni 2012 |
1.−12. juni 2012 |
1. juli 2012 |
| 1. august 2012 |
1.−12. august 2012 |
1. september 2012 |
| 1. oktober 2012 |
1.−14. oktober 2012
|
1. november 2012 |
| 1. desember 2012 |
1.−12. desember 2012 |
1. januar 2013 |
Skjema
Du kan også skrive ut skjemaet "Søknad om fast rente" som du finn på samlesida for skjema.
Har du allereie avtale om fast rente?
På Dine sider kan du sjå om du har avtale om fast rente og kva tid avtalen går ut. Der står også rentesatsen du har bunde på. Du finn også denne informasjonen på årsoppgåva di, som du finn i postkassa på Dine sider.
Les meir