Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på utrekningar frå Finansdepartementet. Frå 1. juli 2010 blir studielånsrenta fastsett seks gonger i året, mot fire tidlegare.
Den nye ordninga inneber at renta i Lånekassen vil endre seg raskare enn den har gjort til no, og komme meir i takt med renta elles i marknaden. Det gjeld for både den faste og den flytande renta. Du vil framleis få fire terminvarsel, men du vil ha sjansen til å binde renta seks gonger i løpet av året.
Kort om utrekninga av renta
Den flytande renta er basert på observasjonar av kortsiktige statspapir og den faste renta på langsiktige statspapir på Oslo Børs. Frå 1. juli 2010 vart observasjonsperioden for flytande rente to månader, medan fast rente framleis vil ha ein observasjonsperiode på éin månad. Det vil seie at den flytande renta for juli og august vil vere basert på observasjonane for mars og april, og den faste renta frå 1. juli 2010 vil vere basert på observasjonar i mai 2010.
Detaljert om rentefastsetjinga
Les meir detaljert om fastsetjinga av renta.