Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Ettergjeving (sletting) av gjeld ved enkelte lærerutdanningar

Gjelder 2012 - Sist oppdatert: 09.01.2012
Låntakarar som fullfører visse lærerutdanningar få ettergitt (sletta) inntil kr 50 000 av studielånet.

Kven gjeld ordninga for?

Ettergiving blir berre gitt når spesialiseringa er i realfag eller framandspråk, ikkje dersom faga er ein øvrig del av mastprogrammet:

  • integrert masterprogram i lærerutdanning med realfag eller framanspråk
    (bortsett frå nordisk/norsk)
  • toårig fagdidaktisk masterprogram for lærarar i realfag eller framandspråk
    (bortsett frå nordisk/norsk)
  • praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom låntakaren tidlegare har fullført mastergrad eller hovudfag i matematisk-naturvitenskaplege fag, teknologiske fag/sivilingeniørutdanning eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
  • praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom låntakaren tidlegare har fullført ingeniørutdanning

Samisk

Ordninga gjeld deg som fullfører 60 studiepoeng eller meir i samisk språk som del av desse utdanningane:

  • Samisk allmennlærarutdanning (Samisk høgskole)
  • Samisk førskolelærarutdanning (Samisk høgskole)
  • 60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk) som del av allmennlærarutdanning

Ordninga gjel også låntakarar som tek desse utdanningane:

  • 60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk) dersom du tidlegare har fullført praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) dersom du tidlegare har avlagt 60 studiepoeng i samisk språk (alle samiske språk)
  • 60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk) dersom du tidlegare har fullført førskolelærarutdanning
  • Fullført førskolelærarutdanning dersom du tidlegare har avlagt 60 studiepoeng samisk språk (alle samiske språk)

Dersom du fyller vilkåra over, kan du få ettergitt utdanningsgjeld med inntil kr 50 000. Dersom du har mindre gjeld enn 50 000, vil du få ettergitt mindre.

Slik søkjer du om å få ettergitt gjelda

Du må sjølv søkje om å få ettergitt gjelda di. Du må sende inn eit brev til Lånekassen der du oppgir kva utdanningar du har teke og skrive at du søkjer om å få ettergitt deler av gjelda di. Det er viktig at du legg ved kopi av vitnemål for utdanningane du har teke.

Du vil få beskjed i eige brev når ettergjevinga er gjort.

Du kan sjå om du har fått ettergitt gjeld under "Kontobevegelser" inne på Dine sider.