Studentar frå Sentral- og Øst-Europa og frå utviklingsland kan i somme tilfelle få studielån sletta.
Universiteta og høgskulane i Noreg tek kvart år opp eit visst tal studentar frå Sentral- og Øst-Europa og frå utviklingsland til spesielle utdanningsprogram ("kvoteprogram").
Studentar som har fått lån til eit slikt program, kan få gjelda sletta når dei buset seg varig i heimlandet.