Dersom du blir minst 50 prosent ufør og har ei brutto årsinntekt (person- og kapitalinntekt) på under 322 560 kroner, kan studiegjelda bli ettergitt heilt eller delvis. Har du barn du forsørgjer, blir grensa heva med 12 050 kroner for kvart barn per år.
Har du brutto årsinntekt på 222 360 kroner eller lågare, kan du få heile gjelda sletta.
Har du ei brutto årsinntekt på 222 361–335 460 kroner, kan du få gjelda redusert etter denne tabellen:
Brutto årsinntekt (person- og kapitalinntekt) |
Ny gjeld |
Nytt terminbeløp |
kr 222 361–250 560
|
kr 51 720
|
kr 1 650
|
kr 250 561–277 870
|
kr 60 320
|
kr 1 990
|
kr 277 871–306 680
|
kr 69 040
|
kr 2 350
|
kr 306 681–335 460
|
kr 77 630
|
kr 2 670
|
Alle inntektsgrensene over gjeld 2012.
Når inntektsgrensa skal aukast på grunn av barn, blir alle barn til og med året dei fyller 16 år (også særkullsbarn) som låntakaren forsørgjer, tekne med. Dette gjeld også barn som låntakaren betaler bidrag for. Det blir sett bort frå barnetillegg og barnebidrag som låntakaren får for barn over 16 år.
Varig uførepensjon må vere innvilga
Uførepensjon frå folketrygda eller tilsvarande pensjonsordning i utlandet må vere innvilga før gjelda kan bli ettergitt, men det kan gjerast unnatak:
Har låntakaren vore heilt arbeidsufør i minst seks år på grunn av sjukdom, kan det gi grunnlag for ettergiving. Sjukdom, inntekt og at låntakaren er arbeidsufør, må dokumenterast. Det er ein føresetnad at låntakaren ikkje har vore under medisinsk rehabilitering eller yrkesretta attføring i perioden.
Er uførepensjonen tidsavgrensa, kan du ikkje få lånet sletta, men du kan søkje om betalingsutsetjing og rentefritak etter dei reglane som gjeld ved sjukdom.
Slik søkjer du om ettergiving
Bruk søknadsskjema for ettergiving for varig ufør låntakar (skjema U), som du kan skrive ut her frå samlesida for skjema.
Legg ved:
- pensjonsbrev frå Nav
- fødselsattest for barn under 16 år som du forsørgjer
Ny støtte - oppheving av vedtak
Dersom du søkjer om og får ny utdanningsstøtte før det har gått ti år etter ettergivinga, blir vedtaket om ettergiving oppheva.
Les meir