Har ein varige betalingsproblem, kan ein få sletta gjeld.
Lånekassen skal behandle søknader om utanrettsleg gjeldsordning og søknader om ettergiving av gjeld som det er uråd å krevje inn, så lenge lånet ikkje er sagt opp. Er lånet ditt sagt opp, skal Statens innkrevjingssentral (SI) behandle desse søknadene.
Utanrettsleg gjeldsordning
Utanrettsleg gjeldsordning betyr at du får til ein avtale med alle kreditorane dine om at du betalar ned ein del av gjelda og får sletta resten.
Reglane i gjeldsordningslova står som utfyllande regelverk.
Ettergiving av gjeld som det er uråd å krevje inn
Lån, renter og omkostningar kan ettergjevast dersom det blir umogeleg å få kravd inn gjelda. Ein kan då ettergi heile eller delar av gjelda.
Lånekassen vurderer desse sakene strengt. Avgjerda er basert på ei økonomisk vurdering, og det er ingen rett låntakaren har.
Slik søkjer du om utanrettsleg gjeldsordning eller ettergiving
Du kan få hjelp med søknaden hjå ein økonomisk rådgjevar ved sosialtenesta i den kommunen der du bur.
Ingen klagerett
Du kan ikkje klage på avgjerder om utanrettsleg gjeldsordning og ettergiving.
Spørsmål?
Dersom lånet ditt ikkje er sagt opp og du har spørsmål kan du kontakte Lånekassen.
Er lånet ditt sagt opp, kan du kontakte Statens innkrevingssentral (SI) slik:
Telefon 75 14 97 00
Internett www.sismo.no
Brev til: SI, Postboks 455, 8601 Mo i Rana
Les meir