Kvifor har eg fått ein betalingsplan?

Sist oppdatert: 04.11.2020
No i november sender Lånekassen ut ein betalingsplan til cirka 70 000 kundar. Er du ein av dei som har fått betalingsplanen, men som kanskje ikkje heilt skjønner kvifor?

Årsaka til at du får ein betalingsplan

Vi sender deg ein betalingsplan fordi du enten er ferdig med utdanninga di, eller ikkje lenger får lån og stipend til fulltidsutdanning.

Betalingsplanen viser når du skal begynne å betale, kor mykje du skal betale kvar månad og når du skal vere ferdig med å betale ned på lånet ditt.

Du kan begynne å betale ned på studielånet når som helst etter at du er ferdig med utdanninga di, uavhengig av betalingsplanen.

Dersom du har ein søknad om støtte som ikkje er behandla enno

Vi sender deg betalingsplan sjølv om du ikkje har fått svar på søknaden din om stipend og lån enno. Har du søkt om lån og stipend til fulltidsutdanning og søknaden blir innvilga, treng du ikkje å begynne å betale. Får du støtte til deltidsutdanning eller avslag på søknaden, er det riktig at du skal begynne å betale.

Omgjering av lån til stipend

Nokon lurar på kvifor lånet er så høgt, og om dei skal begynne å betale før delar av lånet er gjort om til stipend. Årsaka til at vi ikkje gjer om lånet til stipend med éin gong du har bestått ein eksamen, er at inntekt og formue er avgjerande for kor mykje av lånet ditt som kan bli gjort om til stipend.

Derfor må vi vente på informasjon om inntekt og formue frå skatteetaten, før lånet kan bli gjort om til stipend. Dette er årsaka til at du får omgjort lån til stipend først året etter at du fikk støtte. Det vil seie at du må vente til sommaren 2021 for å få omgjering for utdanning du har bestått i 2020.

Tilleggslånet til elevar og studentar som mista inntekt på grunn av koronasituasjonen, er også ein del av den totale gjelda. 8 000 kroner av tilleggslånet kan bli gjort om til stipend dersom du fyller vilkåra. Du skal ikkje sende inn dokumentasjon no, men vi kan be deg om den seinare, så du bør allereie no be arbeidsgivaren din om å dokumentere årsaka til at du har mista inntekt.

Du kan begynne å betale ned på studielånet når som helst etter at du er ferdig med utdanninga di, sjølv om du ventar på å få lån omgjort til stipend. Rentene som er blitt lagde til det beløpet som blir gjort om til stipend, blir automatisk sletta.

Dersom du ikkje kan betale rekninga

Dersom du ikkje kan betale ei rekning, kan du søke om betalingsutsetting. Du treng ikkje å ha ein grunn for å få betalingsutsetting. Du treng ikkje å søke om betalingsutsetting før du har fått ei rekning.

Det blir rekna renter på lånet

Når du er ferdig med utdanninga eller studerer utan å få lån og stipend frå Lånekassen, blir det rekna renter på lånet. Studerer du utan lån og stipend, eller tar deltidsutdanning, kan du søke om å få sletta rentene som er lagde til lånet ditt i studietida.

Dersom du berre søkte om stipend

Sjølv om du berre har søkt om stipend, blir denne støtta også utbetalt som eit lån. Dette lånet kan først bli gjort om til stipend året etter at du fekk støtte. Det betyr at du har lån i Lånekassen fram til eventuelt alt lånet blir gjort om til stipend, og derfor har du fått ein betalingsplan.