Berre fulltidsstudentar får 11 månader med studiestøtte

Sist oppdatert: 11.07.2017
Det er berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning eller fagskoleutdanning som får studiestøtte i 11 månader. Studentane må ha vore i utdanning heile vårsemesteret for å få støtta.

Det er Stortinget som fastset støtteordningane i Lånekassen. Heiltidsstudentar er prioriterte av politikarane til å få 11 månader med studiestøtte fordi dei har størst behov for økonomisk støtte i eksamensperioden.

Pengane blei utbetalte i juni

Innføringa av 11 månader med studiestøtte er planlagd som ei opptrapping, der støtta blir utvida med ein veke per undervisningsår frå 2017 til 2020. Dei fleste får utbetalinga i juni.

Desse får ikkje 11 månader med studiestøtte

Elever på

  • vidaregåande
  • folkehøgskole

Studentar som tek

  • deltidsutdanning
  • utdanning berre i haustsemesteret
  • forkurs med fag frå vidaregåande opplæring ved universitet/høgskole. For eksempel forkurs ingeniør.

Les meir om opptrappinga til 11 månader med studiestøtte her.