Dette skjer med studielånet dersom du ikkje består eksamen

Sist oppdatert: 02.05.2018
Dersom du ikkje består eksamen, eller ikkje fullfører utdanninga du får støtte til, reknar vi deg som forseinka i utdanninga. Dette kan få konsekvensar for studielånet ditt.

Mindre del av lånet kan bli gjort om til stipend

Dersom du består mindre utdanning enn du har fått støtte til å ta (er forseinka), blir mindre av omgjeringslånet ditt gjort om til stipend. Du kan likevel få omgjering for den utdanninga du faktisk har bestått. Les meir om omgjering av lån til stipend.

Du kan miste retten til støtte

Du kan vere forseinka med inntil 60 studiepoeng / eitt år og likevel få stipend og lån. Men er du meir forseinka enn dette, får du til vanleg ikkje meir støtte. Dette gjeld både for fulltids- og deltidsutdanning. Forseinkinga vil du ha med deg sjølv om du byter studium.

Før du kan få meir støtte, må du hente inn den forseinkinga som overstig 60 studiepoeng. Du vil først kunne få støtte igjen frå semesteret etter at du har henta inn denne forseinkinga.

I somme tilfelle kan du ha rett til støtte sjølv om du er forseinka med meir enn 60 studiepoeng. Dette gjeld dersom forseinkinga skuldast sjukdom, fødsel eller nedsett funksjonsevne.

Les meir om forseinking.