Du kan få sletta delar av studielånet

Sist oppdatert: 12.04.2019
Vel du å ta ei grunnskolelærar- eller lektorutdanning, kan vi slette delar av gjelda di. Det finst fleire ulike ordningar, avhengig av kva slags utdanning du vel og kor du jobbar.

Ordningane gjeld for deg som starta på utdanninga di hausten 2017 eller seinare.

Slik fungerer ordningane

For deg som tar grunnskolelærarutdanning 1-7
Dersom du fullfører grunnskolelærarutdanning trinn 1-7, kan du få sletta 106 000 kroner av studielånet ditt. Vilkåra er at du fullfører studia på normert tid og at du har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga.

For deg som tar grunnskolelærarutdanning 5-10
Dersom du fullfører grunnskolelærarutdanning trinn 5-10, og jobbar som lærar i minst tre år, kan du få sletta 51 000 kroner av studielånet ditt. Vilkåra er at du fullfører studia på normert tid og at du har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter du har fullført utdanninga.

For deg som tar lektorutdanning for trinn 8-13
Dersom du fullfører lektorutdanning trinn 8-13, og jobbar som lærar i minst tre år, kan du få sletta 51 000 kroner av studielånet ditt. Vilkåra er at du fullfører studia på normert tid og at du har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter du har fullført utdanninga.

For deg som er lærar i Nord-Noreg
Fullfører du grunnskolelærar- eller lektorutdanning, og jobbar som lærar i grunnskolen eller den vidaregåande skolen i Nordland, Troms eller Finnmark i minst tre år, kan du få sletta 55 000 kroner av studielånet ditt. Du treng ikkje å ha fullført studia på normert tid, men du må ha jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga. Som yrkesaktiv i Finnmark og Nord-Troms kan du i tillegg ha rett til å få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt per år.

Ordningane kan kombinerast

Dei ulike ordningane kan kombinerast. Om du for eksempel fullfører grunnskolelærar trinn 1-7 på normert tid og jobbar tre år som lærar i Nord-Noreg, kan du få sletta 161 000 kroner av studielånet.

Slik søkjer du om sletting av gjeld

Du kan først søkje om sletting av gjeld etter at oppteningstida er ute, det vil seie når du er ferdig med utdanninga di og har jobba minst tre år som lærar. Søknaden må ha komme til oss seinast seks månader etter at oppteningstida er ferdig.

Andre ordningar for sletting av studielån for lærarar

Det finst allereie ordningar for sletting av gjeld for lærarar i Nord-Noreg, og for sletting av gjeld for lærarar med spesialisering i realfag, framandspråk eller samisk.