Endringar i Lånekassen sine reglar frå 2017-2018

Sist oppdatert: 16.05.2017
Kunnskapsdepartementet fastsette 10. mars forskrifta for tildeling av utdanningsstøtte for 2017 - 2018.

Her finn du ei oversikt over dei viktigaste endringane som gjeld utdanning i Noreg. Endringane som blir opp her lista gjeld frå og med undervisningsåret 2017-2018. Du kan lese forskrifta her.

Her kan du lese meir om endringar i reglane for utdanning i utlandet.

Basisstøtte

Basisstøtta for elevar og studentar med rett til støtte etter den tredje delen i forskrifta, er auka frå 10 395 kroner per månad til 10 634 kroner per månad. Sjå § 25-1 i forskrifta.

Opptrappingen til 11 månaders støtte

Stortinget har vedteke ein plan om å trappe opp utdanningsstøtta gradvis frå 10 til 11 månader. Det skal skje over fire år, frå 2017 til 2020.

Stortinget har vedteke at studentar får studiestøtte i

  • 10 månader + 1 veke for undervisningsåret 2016–2017
  • 10 månader + 2 veker for undervisningsåret 2017–2018

Den siste veka for 2017–2018 får du under føresetnad av at Stortinget løyver pengar til det i statsbudsjettet for 2018. Vidare opptrapping for 2019 og 2020 vil ikkje bli avgjort før i desember 2018 og desember 2019. Sjå § 8-8 i forskrifta.

Opptrappinga til 11 månader støtte gjeld berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning og fagskole, og som er i utdanning heile vårsemesteret.

Frist for å sende inn opplysningar

Fristen for å sende inn opplysningar til Lånekassen, som søkjaren anten er bedte om å sende inn, eller som søkjaren sender inn på eige initiativ, er endra. Søkjaren må frå hausten 2017 sende inn slike opplysningar før søkjaren sin støtteperiode er avslutta for at dei skal føre til ny behandling. Sjå § 14-2 i forskrifta.

Reisestipend i Noreg og Norden

Ordninga med reisestipend i Noreg og Norden etter den tredje delen i forskrifta er fjerna. Studentar som tek utdanning i land utanfor Norden, har no berre rett til støtte til reiser utanfor Noreg. Sjå § 30-1 i forskrifta.

Unntak ved behovsprøving mot økonomien til forsørgjarane

Det kan ved behovsprøving av grunnstipendet sjåast bort frå avkastning av søkjaren sin formue og av formue til søkjaren sine søsken dersom formuen blir forvalta av fylkesmannen.

Det kan ved same behovsprøving sjåast bort frå inntekta til ein av eller begge forsørgjarane når:

-forsørgjar er i frivillig eller tvungen rettsleg gjeldsordning eller utanrettsleg gjeldsordning
-forsørgjar manglar bidragsiva og dette er dokumentert frå Nav
-søkjaren ikkje kan få tilskott av forsørgjarane av særleg tyngjande sosiale grunnar

Sjå § 19-1 og § 19-4 i forskrifta.

Støtte til skolepengar til flygarutdanning

Søkjarar som tek privat trafikkflygarutdanning i Noreg som er offentleg godkjent, har rett til eit ekstralån til dekning av skolepengar på opptil 350 000 kroner per undervisningsår, i maksimalt to år. Lån blir berre gitt for det beløpet søkjaren skal betale i skolepengar.
Sjå § 30-1 i forskrifta.

Flyktningstipend etter tredje del

 Flyktningstipendet skal behovsprøvast mot inntekt og formue for søkjarar med rett til støtte etter tredje del. Sjå § 41-5 i forskrifta.