Foreldresignering - signering for elevar under 18 år

Sist oppdatert: 31.07.2017
Foreldre/verje skal signere avtalen om støtte til elevar under 18 år. Vi treng berre signatur frå ein av foreldra.

Elever over 18 år signerer avtalen sjølv.

Foreldre/verje* av barn under 18 år skal signere for eleven. Foreldre får også ein kopi av svaret eleven har fått frå Lånekassen. Den som signerer brukar si eige BankID.

Berre ein signatur

Foreldre med foreldreansvar får begge brev frå Lånekassen, men det er berre ein forelder som treng å signere avtalen.

Problem med å signere avtalen?

Opplever du problem med å signere avtalen om støtte, sjekk først om nettlesaren din er oppdatert til nyaste versjon. Får du stadig feilmelding, forsøk å signere avtalen i ein annan nettlesar.

Foreldresignering

Desse skal signere avtalen sammen med ein forelder

Elever under 18 år som får både stipend og lån må signere avtalen saman med ein av foreldra. Avtalen blir då sendt i posten til foreldra

Foreldre med digital postkasse

Foreldre med digital postkasse vil få kopi av svaret frå Lånekassen elektronisk, anten i Digipost eller e-Boks, ut i frå kva postkasse dei har valt seg. Foreldre som ikkje har valt seg ein digital postkasse, får kopi av svaret, og avtalen som skal signerast i posten. Uavhengig om foreldre har digital postkasse, eller ikkje, kan dei signere elektronisk. Eleven må ikkje gjere noko sjølv i søknaden om stipend, for at foreldre skal kunne opprette digital postkasse eller for å kunne signere elektronisk.

Kva er ein digital postkasse?

Ein digital postkasse er ei sikker løysing for å motta og oppbevare viktig post digitalt, slik som brev, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon. Det offentlege kan ikkje bruke vanleg e-post til å sende slik informasjon, fordi det ikkje er sikkert nok.

No kan dei fleste statlege arbeid og kommunar sende deg brev digitalt. Då er det viktig at du har ein digital postkasse. Les meir om digital postkasse på Noreg.no.

*) Det er berre éin forelder/verje som skal signere. For dei fleste er dei foreldra som er verjer for eleven, men det kan også vere valt ein annan person som verje.