Koronasituasjonen: For deg som betaler på lånet

Sist oppdatert: 30.03.2020
Mange får no på ulike måtar kvardagen påverka av koronaviruset, og det kan for somme bli vanskeleg å betale rekninga frå Lånekassen.

Det mange som har spørsmål om betaling av lånet og kva rettar du har som låntakar i Lånekassen, som ei følgje av koronasituasjonen. Denne saka blir derfor oppdatert etter kvart som vi får avklart spørsmål. 

Søk om betalingsutsetjing dersom du ikkje kan betale rekninga

Somme kan av ulike årsaker ha problem med å betale rekninga frå Lånekassen. Dersom du ikkje har moglegheit til å betale, kan du søkje om betalingsutsetjing på Dine sider.

Du kan ha rett til å få sletta renter

I nokre tilfelle kan du også ha rett til sletting av renter. Dette gjeld for eksempel dersom du er sjuk, arbeidsledig eller i ein annan situasjon som gir rett til å få sletta renter. Søknaden finn du på Dine sider.

Eg får ikkje betalt rekninga. Kva gjer eg?

Dersom du ikkje har moglegheit til å betale rekninga di, kan du søkje om betalingsutsetjing på Dine sider. Du treng ikkje å oppgi nokon grunn til at du søkjer om utsetjing. Les meir om betalingsutsetjingar.

Dersom du for eksempel er arbeidsledig eller i ein annan vanskeleg økonomisk situasjon, kan du også ha rett til å få sletta renter.

Sjå ei oversikt over kva situasjonar som gir rett til sletting av renter.