Du kan søkje om lån og stipend fram til 15. april

Sist oppdatert: 02.04.2020
På grunn av koronautbrottet er søknadsfristen for vårsemesteret utsett med ein månad, til 15. april. Du kan søkje frå tysdag 24. mars.

Kven kan søkje?

Alle som ikkje har søkt om fullt lån og stipend for vårsemesteret kan søkje. Det betyr at dei som ikkje har søkt om støtte innan 15. mars, eller ikkje har søkt om maksbeløpet, no likevel kan få støtte. Lærlingar har frå før søknadsfrist til 30. juni 2020.

Du må studere minst 50 prosent av ei fulltidsutdanning for å ha rett til lån og stipend, og du må oppfylle dei vanlege krava som gjeld for å få stipend og lån frå Lånekassen.

Har du allereie fått fullt lån og stipend, får du ikkje meir

Dette er ei utsetjing av søknadsfristen for lån og stipend for vårsemesteret 2020. Det betyr at du som allereie får fullt lån og stipend, ikkje kan få meir.

Kor mykje kan eg få?

Er du student i høgare utdanning, kan du få inntil 66 120 kroner i basisstøtte våren 2020. Dette beløpet gjeld for fulltidsstudentar. Går du deltid, blir beløpet redusert ut frå studiebelastninga di.

Betaler du skolepengar, har barn eller nedsett funksjonsevne, kan du få ekstra lån og/eller stipend. Les meir om kor mykje du kan få.

Dei som søkjer, får etterbetalt lån og stipend for januar, februar og mars, i tillegg til vanlege utbetalingar i april, mai og juni. Dette gjeld dersom semesteret startar i januar.

Behandlingstid

Dei som søkjer no, får søknaden sin behandla på vanleg måte. Det betyr at dei fleste vil få svar i løpet av få dagar fordi søknadane deira blir maskinelt behandla. Søknadar som må bli behandla av ein saksbehandlar, får noko lengre behandlingstid. Per i dag er behandlingstida cirka tre veker.